Kronisk bronkitt er eit eldre namn på kronisk obstruktiv lungesjukdom. Diagnosen kronisk bronkitt blir stilt ved bronkitt som varar i minst tre månader per år i fleire år på rad, og der symptoma i liten grad er reversible. Kronisk bronkitt skil seg slik sett ut frå kronisk astmatisk bronkitt, der symptoma i noko større grad er reversible.